Ikkje ver redd sånne som meg

Generell litteratur

Ikkje ver redd sånne som meg

«Det er først no, som tjueåring, eg forstår kor knusande 22. juli var for meg. For identiteten min. Eg var tretten år, og eg slapp ikkje unna det politiske. Eg bar det med heile meg.» Sumaya Jirde Ali kom til Bodø som barn og blei behandla som alle andre, ho kjende at ho høyrde til. I boka fortel ho om dei bekymringslause dagane i barndommen. Ho fortel om sjokket då ho fekk høyre om attentatet i Oslo 22. juli 2011, og kva det gjorde med synet ehnnar på eigen identitet og tilhøyrsel. Ho skildrar kjensla av skam og sjølvforakt, av å bli umenneskeleggjort og lengselen etter å høyre til. Vi får også innblikk i kva ho gjer for å motverke hat, halde oppe motet og stå for det ho meiner.
249,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196856
Sumaya Jirde Ali
Om forfattaren

Sumaya Jirde Ali

(f. 1997) er samfunnsdebattant, spaltist i Klassekampen, aktivist og poet. I 2017 gav ho ut diktsamlinga Kvinner som hater menn. Det same året fekk ho Natt & Dag-prisen, Zola-prisen for sivilt mot prisen som Årets Bodøværing.