Huset på prærien: roman

Skjønnlitteratur

Huset på prærien: roman

Om unge jenter og vaksne menn To søstrer bur med mor si i eit hus på prærien. Ein dag flyttar hestetemmaren inn, og romanen skildrar korleis jentene nærmar seg han. Lengselen etter å bli sett er stor og katastrofal. Huset på prærien er ein roman om unge jenter og vaksne menn, om bilturar om natta, om sandstormar, hestar, om grenseovergangar og reglar som blir viska ut. Tora Seljebø (f. 1973) debuterte i 2014 med diktboka Om kvelden blir namna ropa heim. Huset på prærien er den andre boka hennar.
329,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190908
Tora Seljebø
Om forfattaren

Tora Seljebø

(f. 1973) er oppvaksen i Ålvundfjord på Nordmøre, og bur i Trondheim. Seljebø har vore avdelingsleiar i Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. I 2014 debuterte ho med lyrikkboka Om kvelden blir namna ropa heim.