Om kvelden blir namna ropa heim
Hefta

Lyrikk, drama og essay

Om kvelden blir namna ropa heim

Tora Seljebøs debutbok er ei poetisk forteljing om å miste nokon og om å leite etter seg sjølv. Dikt om det som endrar seg og det som forsvinn, både menneske og natur. Det handlar om å kjenne seg att og finne trøyst i naturen, meir enn mellom menneska, om å ha odel på ei jord som ikkje kan dyrkast. Ei bok om sorg som ikkje blir tala om, om å vekse og om å bli til.

399,00 kr
Tora Seljebø
Om forfattaren

Tora Seljebø

(f. 1973) er oppvaksen i Ålvundfjord på Nordmøre, og bur i Trondheim. Seljebø har vore avdelingsleiar i Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. I 2014 debuterte ho med lyrikkboka Om kvelden blir namna ropa heim.