Hus som vil meg hysa: Snøhetta og det umerkeleg monumentale
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Hus som vil meg hysa: Snøhetta og det umerkeleg monumentale

Boka fortel historia om arkitektfirmaet Snøhetta. Forfattaren tek oss med på ei reise rundt i Noreg og ut i Europa, og viser fram korleis Snøhetta omskapar gamle industrilandskap og fallerte hamnebyar. Med liste over Snøhettas verk, tilsette og samarbeidspartnarar.
499,00 kr
Sider
247
Utgivingsår
2004
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252161083
Kjartan Fløgstad
Om forfattaren

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Fløgstad studerte arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim ein kort periode, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad bur i Oslo. Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela 1994. Sjå elles www.gyldendal.no