D

Skjønnlitteratur

Dalen Portland

Ein roman om vår nære fortid og vår enda nærare samtid, om bygda som møter industrialiseringa og går inn i den internasjonale kapitalismen. Vi følgjer generasjonar og individ gjennom vårt hundreår, og det er særleg to personar som samlar interessa om seg. Rasmus Høysand er individualisten som hamnar mange stader rundt i verda og opplever underlege ting. Den andre er Arnold Høysand, han som utan motstand fell på plass i det sosialdemokratiske samfunnet som blir bygt opp rundt han. Kring desse to utfaldar det seg mange lagnader og miljø.
150,00 kr
Sider
212
Utgivingsår
1993
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252140651
Kjartan Fløgstad
Om forfattaren

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Fløgstad studerte arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim ein kort periode, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad bur i Oslo. Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela 1994. Sjå elles www.gyldendal.no