Skjønnlitteratur

Heimekontor i gravferda

Ingenting fungerer lenger. Klestativet står ikkje beint. Me manglar purreløk i kjøleskapet. Ingen vil ta ut av oppvaskmaskinen. Det er gjennomført dårleg stemning. Tida strekk ikkje til. Det vert verre og verre å skilje jobb frå privatliv. Det må jobbast natt og dag, til og med i gravferda. Avstanden mellom Bergen og Oslo blir større og større. Helse og omsorg vil heller ikkje ha noko med kvarandre å gjere. I tillegg skal det Pulast; det går mange Steinras; Hells Angels kjem gjerne på besøk. Ikkje rart Jon Hjørnevik har gått på ein smell. No har han samla sitt bitre tankegods mellom to svarte permar.
349,00 kr
Sider
123
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184730
Jon Hjørnevik
Om forfattaren

Jon Hjørnevik

Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt skatta opplesar av sine eigne dikt.