Heidi

Barn og ungdom

Heidi

9–12 årOmsett frå ger
Det er 130 år sidan Johanna Spyri skreiv den eviglevande forteljinga om Heidi, ei kvikk og eiegod småjente som har mista foreldra sine og skal bu hos bestefar sin i dei sveitsiske Alpane. Det blir eit nytt liv både for Heidi og den gamle einstøingen. Gjennom alle dei åra har Heidi vandra frå land til land, og boka sluttar aldri å gripe lesaren. "Det er den beste boka eg nokon gong har høyrt!" seier Tonje i Maria Parrs bok Tonje Glimmerdal. Tonje har akkurat høyrt ferdig boka om Heidi, og har følgd med i andelaus spenning. Dette er ein oppdatert versjon av Halldis Moren Vesaas si klassiske omsetjing frå 1968.
249,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181159
Johanna Spyri
Om forfattaren

Johanna Spyri

Spyris første forteljing kom i 1871. I 1881 skreiv ho Heidi, som blei ein stor suksess og verdsklassikar. Heidi er ei av verdas mest omsette bok, og boka har blitt filmatisert fleire gonger. I tida frå 1871 til Spyris død, gav ho ut 31 bøker og 48 forteljingar.