Havørna: vår største rovfugl
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Havørna: vår største rovfugl

«Vi får ei historisk og delvis ei geografisk oversikt over denne fuglens liv, og korleis ho lever i dag. Vi får også glimt av korleis ørna er forstått og bruk i politikk og kunst, religion og mytologi, og vi får flotte...»
— Dagen
Møt eit av Noregs mest fascinerande dyr. Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand med bortimot 14 000 havørner i Noreg. I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien. Boka fortel om den planmessige utryddinga havørna vart utsett for, og den vellykka redningsaksjonen, viser kva rolle ørna har hatt i folketrua og mytologien, og ser ørnehistoria i lys av dei store miljøutfordringane i vår tid. I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, er dette ei bok som gir håp.
449,00 kr
Sider
202
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252199086
Gunnar Myklebust
Om forfattaren

Gunnar Myklebust

(f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA. Han har mellom anna skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg, Ishavet, ei bok om norsk fangsthistorie og Ragnar Ulstein. I krig og fred.