Havet syng: roman

Skjønnlitteratur

Havet syng: roman

Havet syng er ein historisk roman frå midten av 1800-talet. Gjennom livet og lagnaden til losdottera Kristiane blir vi tekne med til Sunnmørskysten, der livet er prega av kampen mot naturkreftene, av fordommar og klasseskilje - men også av samhald og sterk livsglede. Kristiane har lova faren at losnummerert hans aldri skal gå ut av slekta. Vi følgjer henne i åra etter at mannen hennar mister livet på sjøen og ho må gjere vanskelege val for å halde lovnaden til faren. Dette er den første boka om Kristiane.
329,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252177114
Trude Teige
Om forfattaren

Trude Teige

Trude Teige (f. 1960) er journalist i TV2, der ho har vore tilsett sidan 1992. Ho har blant anna laga dokumentaren KameratAr om krisa i Arbeiderpartiet, som vekte stor oppsikt i slutten av august. Havet syng er hennar første bok. Trude Teige bur i Asker, men er fødd i Fosnavåg, Herøy kommune, Møre og Romsdal. Ho er gift og har tre barn; Emilie, og tvillingane Synne og Fredrik. Teige er utdanna fagomsetjar frå ADH i Kristiansand og har dessutan journalistutdanning frå England. Tidlegare har Teige jobba som salskoordinator i eit firma som dreiv med undervassteknologi i Bergen, vore journalist i Bergens Tidende, og i NRK Møre og Romsdal/Dagsnytt i 6 år. Dessutan har ho tidlegare undervist i piano og vore kordirigent.