Lene seg mot vinden: roman

Skjønnlitteratur

Lene seg mot vinden: roman

Vi møter att familien frå Havet syng (2002). Kristiane og Lars er midt i livet, og forholdet deira er vanskelig. Lars klarer ikkje å gløyme at Kristiane var utru mot ham, og Kristianes liv preges av lovnaden til faren om å føre losarven vidare. Ho krev at sonen Anders skal ta opp arven, men han drøymer om eit heilt anna liv. Eit alvorleg brotsverk blir oppdaga i bygda, og Kristiane får ei sentral rolle under etterforskinga. Og ein dag skjer det noko som endrar livet for alle i losgården. Dette er den andre boka om Kristiane.
329,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252177121
Trude Teige
Om forfattaren

Trude Teige

Trude Teige (f. 1960) er journalist i TV2, der ho har vore tilsett sidan 1992. Ho har blant anna laga dokumentaren KameratAr om krisa i Arbeiderpartiet, som vekte stor oppsikt i slutten av august. Havet syng er hennar første bok. Trude Teige bur i Asker, men er fødd i Fosnavåg, Herøy kommune, Møre og Romsdal. Ho er gift og har tre barn; Emilie, og tvillingane Synne og Fredrik. Teige er utdanna fagomsetjar frå ADH i Kristiansand og har dessutan journalistutdanning frå England. Tidlegare har Teige jobba som salskoordinator i eit firma som dreiv med undervassteknologi i Bergen, vore journalist i Bergens Tidende, og i NRK Møre og Romsdal/Dagsnytt i 6 år. Dessutan har ho tidlegare undervist i piano og vore kordirigent.