Harry og Ivar tryllar jula inn

Barn og ungdom

Harry og Ivar tryllar jula inn

9–12 år
Harry og Ivar er tilbake! Denne gongen har Harry fått ein grandios idé: å trylle fram ein julekveld i april. I forsøket blir det verken spart på ess eller kaninar - og særleg ikkje på vaflar. Betre blir det ikkje av at superskurken Kameleonen lurer i julepynten. Og som vanleg er det blyge Ivar som må rydde opp i sakene. Illustrert av Per Dybvig Lars Mæhle er ein produktiv og prislønt barne- og ungdomsbokforfattar. Han har mellom anna vunne ungdommens eigen pris, Uprisen, og bøkene hans er omsette til fleire språk. Les også: Harry og Ivar finn opp krutet Harry og Ivar i Junaited Statesen Harry og Ivars detektivbyrå
249,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191318
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.