Harry og Ivar finn opp krutet

Barn og ungdom

Harry og Ivar finn opp krutet

9–12 år
Harry og Ivar er to sære typar som leiger eit gammalt tømmerhus i utkanten av byen. Der bur også hunden Kåre Albert, som etter kvart speler ei viktig rolle i denne VILLE forteljinga. Ein dag kjem eigarinna av huset for å kaste dei ut, ho vil selje heile sulamitten. Det er verkeleg krise, for sparegrisen er tom, og kvar skal dei få pengar frå om dei vil kjøpe huset? Dei må klare å vinne oppfinnarkonkurransen som dei les om i avisa. Harry vil finne opp ein kjempekinaputt, og gjer narr av Ivar, som på si side går til ein ekte oppfinnar. Ei ellevill forteljing om to pussige skruar som bur i lag. Illustrert av Per Dybvig Lars Mæhle er ein produktiv og prislønt barne- og ungdomsbokforfattar. Han har mellom anna vunne ungdommens eigen pris, Uprisen, og bøkene hans er omsette til fleire språk. Les også: Harry og Ivar i Junaited Statesen Harry og Ivar tryllar jula inn Harry og Ivars detektivbyrå
249,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191295
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.