Gullfalken: ni nye eventyr

Barn og ungdom

Gullfalken: ni nye eventyr

6–9 år
Moderne eventyr for og med unge heltar frå heile verda Ei jente flyg på ryggen av ei ørn for å finne vind og vatn. Ein einsam vandrar får 29 nye venner på eitt sekund. Ein gut stansar havet som vil sluke øya hans. Alt kan hende i denne boka som er full av farlege hendingar. Men gode hjelparar kjem til - bestevenner, kloke slangar og falkar meir verdt enn gull. Gullfalken- ni nye eventyr er ei samling tidlause eventyr med modige unge frå vår eiga tid, vakkert illustrert av Inger Sandve Anfinsen. Erna Osland har skrive ei rekke prislønte bøker for barn og unge i mange ulike sjangrar.
249,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191011
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.