InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Gullfalken: ni nye eventyr

Ni moderne og tidlause eventyr!

I desse eventyra er trolla bytte ut med stigande hav og manglande frisk luft. Vår tids Oskeladden er ny i landet, og heltane i alle desse eventyra er barn og ungdommar. Dei unge heltane vinn, fordi dei er omsorgsfulle, eller veit å verdsetje vennskap.

Eventyra er illustrerte av Inger Sandved Anfinsen.
399,00 kr
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.