Guds hund
Innbunden

Romanar og noveller

Guds hund

Ein nylærar set seg fast i lundegarna til ordføraren, og nykommarskamma avlar paranoide tankar. På ferja sit Fred Helmer. Han kjem heim i berre skjorta og utan sokkar i skorne, men i den mentale bagasjen har han fargerike kolibriar. Jenta i den gule jakka vender heim med lite anna enn smerte. Sansane opnar seg på vidt gap når ho går i land. Ei rift i verda gir endeleg næring til dei som drøymer om undergangen. Kven sa at det var lett å leve i opne landskap?

Dette er ein fleirstemd roman. Tidslaga flyt over i kvarandre, men det er framleis den same fredagen. Staden er eit forblåst stykke land, omringa av hav.

Kristin Sørsdal viste sterk originalitet alt i debutboka. Også i Guds hund er karakterane underlege, mystiske, fascinerande og fråstøytande.

429,00 kr
Kristin Sørsdal
Om forfattaren

Kristin Sørsdal

(f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal er forfattar og omsettar, og debuterte i 2010 med Makabre bikkjer. Ho er master i italiensk og har i mange år arbeidd som lærar i norsk for flyktningar og innvandrarar. Mare (2017) er den tredje boka hennar.

Sørsdal omset bøkene til Elena Ferrante til norsk, og har mottatt Kritikerlagets pris for beste oversettelse 2016, for omsettinga av Historia om det tapte barnet.