Greatest hits vol. 3: the travelling years

Skjønnlitteratur

Greatest hits vol. 3: the travelling years

Suksessane Syden, Nød og Våre venner kinesarane i ei bok Endeleg kjem Are Kalvøs Greatest hits vol 3, som Kalvø-fans over heile landet har venta på! Samlinga inneheld tre bøker som alle fortel om reiser med gode formål: I Syden reiser Kalvø til Syden, kanskje det hyggelegaste landet i heile verda, og finn ut at folk sanneleg gjer mykje rart når dei er langt heimafrå. I Nød reiser han til Etiopia for å redde verda, og finn ut at det faktisk er veldig vanskeleg. I Våre venner kinesarane et vår mann på 158 norske kinarestaurantar for å finne ut om han verkeleg er tilhengar av eit fleirkulturelt samfunn. Å lese denne samlinga er litt som å dra til Syden for å redde verda og avslutte dagen med fritert banan.
429,00 kr
Sider
886
Utgivingsår
2009
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252175080
Are Kalvø
Om forfattaren

Are Kalvø

(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har motteke ei rekkje prisar og hatt stor suksess med scenetekstane Norge-Brasil, ein fotballopera, Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake og Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.