Greatest hits vol 2: the golden years

Skjønnlitteratur

Greatest hits vol 2: the golden years

Harry: Under mottoet "Ung, stolt og harry" gir forfattaren ei innføring i harryens historie, forskjellige typar harryar, ymse harry aktivitetar og gjenstandar, og avslører at det er mykje meir og heilt andre ting som er harry i dette landet enn dei fleste av oss trudde. Bibelen 2: Her får du heile historia om det som skjedde etter at Jesus kom tilbake til ein hotellresepsjon på Lørenskog, fortald av dei som møtte han, dei som påstod at dei møtte han, dei som følgde han, dei som intervjua han og dei som arbeidde som rådgivarane hans. I tillegg inneheld boka alle tekstane frå andre bøker, aviser, blad, radio og tv.
429,00 kr
Sider
473
Utgivingsår
2004
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252164534
Are Kalvø
Om forfattaren

Are Kalvø

(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har motteke ei rekkje prisar og hatt stor suksess med scenetekstane Norge-Brasil, ein fotballopera, Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake og Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.