Greatest hits vol 1: the early years

Skjønnlitteratur

Greatest hits vol 1: the early years

Absolutt Oslo: Ein humoristisk guide til dei som tenkjer på å flytte til Oslo, innfødte Oslobuarar, innflyttarar som har budd der lenge, og dei som treng å sjå byen på andre måtar. Kunsten å være neger: Ei satirebok som tek folks framandfrykt på alvor og fortel negrar i Norge korleis dei bør oppføre seg for ikkje å skremme og/eller skuffe dei innfødte. Men fjernkontrollen min får du aldri: Her går forfattaren bak fasaden på media. Han tar deg med gjennom dei fleste mediesjangrane og avslører avslørande journalistar, testar forbrukartestane og har til og med sin eigen såpeopera.
429,00 kr
Sider
367
Utgivingsår
2003
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252162950
Are Kalvø
Om forfattaren

Are Kalvø

(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har motteke ei rekkje prisar og hatt stor suksess med scenetekstane Norge-Brasil, ein fotballopera, Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake og Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.