Glimt

Barn og ungdom

Glimt

12–16 år
Jon flyttar til vesle Grovøy, ei tilsynelatande fredeleg øy langt ute i havet. Det viser seg fort at øya skjuler mystiske og uforklarlege hendingar både i notid og fortid. Kven er det som går igjen i den mørke kjellaren på ungdomshuset, og kven er Solveig frå krigens dagar? Jon og Solveig er to tenåringar som er på same stad til heilt forskjellig tid, men likevel knytte til kvarandre på ein måte ingen av dei heilt forstår. Glimt er ei grøssande forteljing, skriven av forfattaren bak den suksessrike spøkelsesserien om Svarte-Mathilda.
249,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188691
Tor Arve Røssland
Om forfattaren

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.