Gåta med den skjeggete tjuven

Barn og ungdom

Gåta med den skjeggete tjuven

6–9 år 1 t 16 min
Hanna og farfars krimgåter er ei spennande, humoristisk og varm serie for alle barn frå 6-12 år.  Ein stille natt skjer det eit innbrot på Elkjøp. Tjuven får med seg to pakker Snickers. Kven er denne mystiske tjuven, er det eit godteriglad barn? Men korfor har han i så fall skjegg? Og korleis klarar han å klatre heilt opp til 2. etasje?
Dette er ei sak for Hanna og farfars detektivbyrå!

Når Hanna og farfar får beskjed om at farfar kanskje må på aldersheim, går verda nesten under. For kven skal passe på Hanna då? Ho har jo alltid budd saman med farfar i det gamle Kråkereiret. Blir ho kanskje sendt på barneheim? Det kan dei ikkje ha noko av, og for å bevise for kommunen at farfar er heilt frisk i toppen, bestemmer Hanna og farfar seg for å løyse krimgåter. For då vil vel ingen tru at han ikkje kan passe på barnebarnet sitt?



299,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017803
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.