Full bajas

Ingunn Thon |
Digital lydbok | ISBN: 9788234011948

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price279 kr
Korleis vere perfekt uperfekt?

Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor rektors kontor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han spelar fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon!

Men på konsertdagen vaknar Orion og er blitt heilt bajas. Når han skal seie pent god morgon til foreldra, brølar han i staden. Han skriv TISS som svar på matteoppgåva. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Og han spelar ikkje ein einaste riktig tone på fløyta.

Kva er det som går av han? Og går det an å fikse det i tide til den viktige konserten?

Boka er illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.

Sitat frå melding

Ingunn Thon

Du likar kanskje desse

Sist sett på