Fredlaus

Barn og ungdom

Fredlaus

12–16 år
Fredlaus er siste band i knallsterk og prislønt fantasyserie om Drakeguten. I denne romanen er Koll fredlaus og på flukt frå den nye leiinga i Kervad, han er avskoren frå nesten alle han bryr seg om. Med eit brennande ønskje om hemn og oppreising tar han opp jakta på fienden som har trekt i trådane og gjort livet surt for både han og dei andre kervingane. Men fienden er slu, og snart blir Koll nøydd til å venda tilbake til ei usikker framtid i Kervad. Men kan han halda seg på frifot lenge nok til å stoppa trusselen som lurar? Og skulle han greia det, kjem nokon i det heile tatt til å takka han? Fredlaus er femte og siste band i serien om Drakeguten, der politiske og overnaturlege konfliktar møtest i eit klimaks som vil endra både Koll og heimbyen hans for alltid, både på godt og vondt.
249,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187595
Asbjørn Rydland
Om forfattaren

Asbjørn Rydland

(f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling. For fantasyromanen Galderstjerna vann han Uprisen i 2017.