InnbundenFleire format
Barn og ungdom
Før det blir morgon: roman
Litteraturprisen 2025
12–16 år
«Ei bok som gjer meg rasande [...] Aina Basso [får] unge lesarar til å reflektere over skam, skuld og straff. Om mykje heldigvis har endra seg dei siste hundreåra, så skader overgrep og maktmisbruk framleis livet til j...»
— NRK
Vinnar av Kulturdepartementets litteraturpris 2025!
Nominert til Uprisen for beste ungdomsbok!
Josefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden der ho skal gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven.
Men alt er ikkje like fint som det verkar på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet.
Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta.

329,00 kr
Meldingar
Sagt om boka
1 omtale
«Aina Basso skapar eit kyndig tidsbilete med klangbotn i vår tid. ... «Før det blir morgon» er gjennomarbeidd skrivehandverk, så stødig utført at det kunne ha gått inn i læreboka som døme på korleis ein (ungdoms)roman kan skrivast. ... Språket i dei korte kapitla, med mykje luft imellom, er enkelt, korthogge, konkret, men samstundes med klangbotnar for både vare naturstemningar og illevarslande aningar»
— Klassekampen