Flugepapir

Helga Gunerius Eriksen | Gry Moursund

Boka vann Brageprisen 2003 i klassen for barnebøker! "Eg har ei tam fluge," fortel Bente i klassen, når alle skal fortelje om kosedyr og levande kjæledyr. "Kan ho gjere kunstar?" spør Frøydis. "Ho kan gå på veggene og opp ned i taket." Bente har fått hjelp av bror Birger til å fange fluga, som får namnet Marte, og no vil Bente lage flugefest på rommet sitt.

Ho hentar passande mat og inviterer inn fleire fluger på kalas. Dette utviklar seg slik ein kan frykte... Boka byr på ein frisk og spenstig tekst og elleville bilete i beste Moursund-stil. Fargane er suverene, og streken likeså. Ei biletbok til skrekkblanda fryd!


ISBN: 9788252161847

Kategoriar: Helga Gunerius Eriksen

Emneknagg: 2003, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Helga Gunerius Eriksen