InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Flokken: forteljingar

9–12 år
«Kari Stai si nye bok om tiåringen Juri utforskar på ein god måte grensene mellom individualitet og fellesskap. ... Som heilskap er Flokken fin lesing, og boka opplevest, paradoksalt nok, som ganske heilskapleg, trass ...»
— Marie Kjølstadmyr, Barnebokkritikk
Litt innafor og litt utafor

Juri er 10 år og usikker på mykje i livet, ikkje minst på kven han er i forhold til dei andre. Det verkar som alle andre høyrer til i ein flokk, men kven høyrer han til? Han er ikkje med i flokken fotballaget. Å spele i friminutta tel ikkje. Da er dei berre lause elevar. Til og med dyra har flokk. Fuglane flyr i flokk. Men kva veit eigentleg dei om å vere seg sjølv, dei gjer jo berre som alle andre?

Flokken inneheld ti forteljingar om Juri og korleis han på ulike vis er i eller utanfor vennegjengen, familien, verdas befolkning, gutane, barneflokken og ungdomsflokken. Han er også med i flokken «dei som synest puppar er fint». Flokken er ein frittståande oppfølgjar til romanen Passe happy frå 2021.
349,00 kr
Sider
131
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014390
Meldingar

Sagt om boka

4 omtaler

«Boka er fortald på ein veldig fin måte. Det er som om det er henta frå eit ekte liv ... Boka er så bra at eg kjem ikkje på noko som kunne gjort ho betre.»

— Georg Fagna-Breivik, Framtida Junior

«Det er forfriskande å lesa tekstar for born som i så stor grad handlar om kjensler, men som let det vera heilt opp til borna sjølve å finna ut av kva kjensler det er snakk om, og kvifor dei oppstår. Her er det få spor av diagnostisering eller forklaringar eller rettleiinga som definerer opplevingane for lesaren. Det er ein open og utforskande tekst, som tek borna sine analyseverktøy på alvor.»

— Live Havro Bjørnstad, Norsk Tidend

«I ei ideell verd får alle barn mellom 9 og 13 år lese denne boka saman med ein trygg vaksen. Flokken gir unik inspirasjon for samtalar med barn som er i ferd med å verte ungdom ... Det er lett å lese boka, og vanskeleg å ikkje la innhaldet sive inn i kroppen ... Her finst situasjonar som alle barn kan kjenne seg igjen i, som når Juri lurer på om han er ein del av flokken. Og så finst det situasjonar som dei færraste barn har opplevd, men som dei kan filosofere over, og lære meir om andre menneske av.»

— Heidi Fagna, Nynorskbok.no

««Flokken» gjer godt for alle vanlege og uvanlege barn. ... Eg tenker det er ein fin ting, at det går an å skriva bøker om barn som lever i rommet av eigne og andre sine kjensler, og som strekk fantasien sin ut mot slikt som gjer livet nærmast som magisk, fortrolla. ... For alle vanlege og uvanlege barn, bråkebøtter som kjenslemenneske, vil ein dose Juri gjera godt.»

— Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

Kari Stai
Om forfattaren

Kari Stai

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.

Sjå alle bøker av Kari Stai →