Fint brød: kultur, oppskrifter og inspirasjon
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Fint brød: kultur, oppskrifter og inspirasjon

Brød er meir enn mat. Brød handlar også om kulturhistorie, handverkstradisjonar og kjærleik mellom menneske. I denne boka viser forfattaren måtar å gjere dette på, med god hjelp av andre kreative menneske, som Finn Schøll, Elsa Lystad, Arne Brimi, Trond Moi og Toppen Bech. Forfattaren hentar og inspirasjon frå litteratur, kunsthistorie og gammalt handverk, og set brødbaking inn i ein større samanheng. Har litteraturliste.
359,00 kr
Sider
128
Utgivingsår
2005
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252165579
Else Rønnevig
Om forfattaren

Else Rønnevig

Else Rønnevig (f. 1940) driv til dagleg rådgivingsfirma for oppussing av gamlehus i Lillesand. Rønnevig har lang og svært allsidig erfaring innan kulturvern og rehabiliteringsarbeid. Dei siste åra er det særleg bevaring av gamle bakaromnar Rønnevig har konsentrert seg om. Ho har sjølv restaurert to omnar til eige bruk, gitt fagleg rettleiing til andre som har ønskt å gjere det same, og halde ei rekkje kurs om baking og bakaromnen. Både som inspirasjonskjelde og som matfagleg rettleiar er Rønnevig ein viktig aktør bak dagens bakaromn-trend.