Bakaromnen: trend og tradisjon
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Bakaromnen: trend og tradisjon

Boka presenterer bakaromnar og oppskrifter frå heile landet. Tradisjonelt har bakaromnane vore knytte til den tradisjonsrike kulturen rundt herskapelege storgardar, men i ulike delar av landet finn ein også omnar som har tent mindre hushald. Bakaromnane som blir bygde i dag er ein del av ein nyskapande trend innan norsk matkultur. Saman med meisterkokkane Trond Moi og Terje Næss gir forfattaren lesaren oppskrifter på alt frå dei klassiske brøda til pizza, kjøt- og fiskeretter, kaker og dessertar. I tillegg får ein gode råd for restaurering av gamle omnar og rettleiing om ein ønskjer å byggje ein ny. Med engelsk samandrag. Har oppskriftsregister og litteraturliste.
400,00 kr
Sider
222
Utgivingsår
2001
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252157406
Else Rønnevig
Om forfattaren

Else Rønnevig

Else Rønnevig (f. 1940) driv til dagleg rådgivingsfirma for oppussing av gamlehus i Lillesand. Rønnevig har lang og svært allsidig erfaring innan kulturvern og rehabiliteringsarbeid. Dei siste åra er det særleg bevaring av gamle bakaromnar Rønnevig har konsentrert seg om. Ho har sjølv restaurert to omnar til eige bruk, gitt fagleg rettleiing til andre som har ønskt å gjere det same, og halde ei rekkje kurs om baking og bakaromnen. Både som inspirasjonskjelde og som matfagleg rettleiar er Rønnevig ein viktig aktør bak dagens bakaromn-trend.