Finne ly: roman

Skjønnlitteratur

Finne ly: roman

Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, så Hanna må halde tett om opphavet sitt. Den yngste sonen, Johannes, får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for forsøket hans på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi veks fram, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verd om han går på kostnad av hennar eigen fridom. Finne ly er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie.
329,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185362
Aina Basso
Om forfattaren

Aina Basso

AINA BASSO (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For ungdomsboka Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010). For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho blei òg nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Aina Basso var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2022 og festivalforfattar for Falturiltu i 2023.