FK Rapitas er med som einaste amatørklubb i kampen om ein nasjonal tittel. I tillegg har sponsoren deira gitt dei ei reise til London som lønn for godt spel. Dei skal få sjå semifinalekampen i Champions League, mellom Petchwood United og Kick '69. Men det som skulle vere ei avslappa og hyggeleg reise, forandrar seg til eit mareritt. Ei uventa hending gjer at Stein og Storm blir vikla inn i eit farleg spel av intrigar og fotballbedrag. Heldigvis har dei fotballkløkt nok til å redde situasjonen. Dei får til og med innverknad på resultatet i semifinalen!
Etter kvart kapittel var eg så fylt av spenning at eg ikkje kunne vente med å lese det neste.
- Jari (9)
På same måte som eg gler meg til neste Harry Potter, sit eg og ventar på den nye Fotballgudane. - Matthias (11)