Bjørnemysteriet: roman

Barn og ungdom

Bjørnemysteriet: roman

9–12 år
Tredje bok i spenningsserien om Stian og Stine. Når Stian og Stine treffer ein gråtande gut på gata, som seier han har blitt rana av ein bjørn, er dei sikre på at dei har funne eit nytt mysterium å løyse. Kan det vere ein verkeleg bjørn, eller? . - Har dyrekostymene på garden noko å gjera med overfallet på guten og fleire innbrot? - Kven er dei to i bilen som spionerer på Stian og Stine? - Kva er det som skjer på garden Vistad om kveldane? Stesøskena Stian og Stine har nettopp blitt del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at Stian og Stine begge liker å løyse mysterium. Magnhild Bruheim er forfattar og journalist, og har skrive ei rekke spenningsbøker for barn og ungdom.
249,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189766
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.