Generell litteratur
Far levde, og så var han død: ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu
«Bjørn Hatteruds far er rett og slett mannen verden lengter etter. ... Ingenting er svart-hvitt hos Hatterud, for hans kanskje fremste styrke er evnen til å planere ut alle slags hierarkier. Slik blir hans arkivarbeid ...»
— Maja Hattvang, Morgenbladet
Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.
Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.
Noko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede.
Dette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død.
Sagt om boka
«... Bjørn Hatterud har klart å gjere farens død til ei feiring av livet. ... Hatterud skriv også om ein generasjon, og ein type liv som er vanlegare enn ein kanskje skulle tru om ein berre les bøker forfatta av byfolk. På bygda må folk leve i fred også med menneske ein kanskje ikkje har så mykje sams med, samtidig som ein finn sin eigen veg.»
— Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
«Bøkene til Bjørn Hatterud tek vanlege folk på alvor. No for tida er det lesekrise, og folk les altfor lite. Hatterud gjev von. Han har frå innsida god innsikt i bygde- og arbeidarkulturen. Mange som les, vil kjenna seg att. Han set nemleg ord på korleis hardtarbeidande nordmenn i etterkrigsgenerasjonen har tenkt og levd.»
— Lars Kolbeinstveit, Dag og Tid
«I forlengelsen av turen Mjøsa rundt med mor gjør Bjørn Hatterud et rørende dypdykk i sin fars liv og siste dager. ... Hatteruds skildring av faren styrker ideen om at alle har en historie å fortelle, og understreker forfatterens særlige talent for å finne fruktbart stoff der andre ikke hadde brydd seg med å lete, og formidle det levende. ... Nok en gang demonstrerer Hatterud at han skriver om erfaringer mange kan kjenne seg igjen i, med en sjarm få gjør ham etter.»
— Kåre Bulie, Klassekampen
«Bjørn Hatterud, skeiv og skakk på flere vis ifølge ham selv, født med ryggmargsbrokk og klumpfot og homofil. Og som forfatter er han også noe for seg selv. I sin fjerde bok forteller han om faren. Det er befriende å lese om bra folk, ikke minst når livet er vanskelig. ... Jeg blir aldri plaget av at det private er grunnlaget for alle Bjørn Hatteruds bøker. Han spenner buen høyere. En gang lærte vi jo at det private er politisk. Han bruker erfaringene sine som et springbrett for å tenke utover. Bjørn Hatterud er vår mann.»
— Finn Skårderud, Samtiden




