InnbundenFleire format
Generell litteratur
Far levde, og så var han død: ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu
«I forlengelsen av turen Mjøsa rundt med mor gjør Bjørn Hatterud et rørende dypdykk i sin fars liv og siste dager. ... Hatteruds skildring av faren styrker ideen om at alle har en historie å fortelle, og understreker f...»
— Kåre Bulie, Klassekampen
«Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æill driten å!»
Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.
Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.
Noko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede.
Dette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død.

429,00 kr
Meldingar
Sagt om boka
1 omtale
«Bøkene til Bjørn Hatterud tek vanlege folk på alvor. No for tida er det lesekrise, og folk les altfor lite. Hatterud gjev von. Han har frå innsida god innsikt i bygde- og arbeidarkulturen. Mange som les, vil kjenna seg att. Han set nemleg ord på korleis hardtarbeidande nordmenn i etterkrigsgenerasjonen har tenkt og levd.»
— Lars Kolbeinstveit, Dag og Tid