Få meg på, for faen: roman

Skjønnlitteratur

Få meg på, for faen: roman

Ein humorstisk roman om trongen til å bli sett av nokon. Sebjørn og kona hans har åtte døtrer. Denne store familien bur i Skoddeheimen, der Sebjørn driv ein kolonialforretning, og kona er frustrert over å vere heime. Ho ønskjer å bli noko, og tek seg arbeid på nepefabrikken. Alma og Artur er unge. Ein mogeleg seksuell kontakt opnar opp for tankar og fantasiar som er vanskelege å kontrollere. Ei ung jente arbeider som vaskehjelp, og i tankane drøymer ho om å bli intervjua av ein TV-stasjon. Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av uforløyst begjær. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så godt og viktig at media plukkar det opp og gjer henne til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182316
Olaug Nilssen
Om forfattaren

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.

Fleire foto av Eivind Senneset:
(Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)