Få meg på, for faen: roman
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Få meg på, for faen: roman

I romanen Få meg på, for faen blir lesaren kjend med ulike personar med kvar sine historier å fortelje. Sigbjørn.og kona hans har åtte døtrer..Denne store familien bur i Skoddeheimen, der Sigbjørn driv ein kolonialforretning, og kona er frustrert over å vere heime..Ho ønskjer å bli noko, og tek seg arbeid.på nepefabrikken. Alma og Artur.er unge..Ein mogeleg seksuell kontakt opnar opp for tankar og fantasiar som er vanskelege å kontrollere..Ei ung jente arbeider som vaskehjelp, og i tankane drøymer ho om å bli intervjua av ein TV-stasjon..Få meg på, for faen.er ein humorstisk roman om trongen til å bli sett av nokon.
350,00 kr
Sider
191
Utgivingsår
2005
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252165227
Olaug Nilssen
Om forfattaren

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.

Fleire foto av Eivind Senneset:
(Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)