Exit Møre og Romsdal
Innbunden

Exit Møre og Romsdal

Kor blei det av Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre då Regionuhyret med sju hovud tok livet av alle fylka våre i 2010? Boka skildrar den hjarteskjerande lagnaden til menneska i Møre og Romsdal som blei splitta i tre. PS: Ingen veit heller kor det blei av forfattaren Arild Hoksnes, som etter to humorbøker på _x0094_I _x0096_ den store Romsdalskonspirasjonen_x0094_ og _x0094_Borti Huttaheiti_x0094_, hundrevis av kåseri i NRK og timesvis med offentleg tullprat, tok med seg Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal for 2005, sløkte lyset og fór.

329,00 kr
Arild Hoksnes
Om forfattaren

Arild Hoksnes

Hoksnes er coach, journalist, og har gjennom talrike NRK-kåseri i over 10 år utvikla eit særeigent skråblikk på Møre og Romsdal (ein del av desse kåseria er samla i boka Borti Huttaheiti). Han er dessutan kjent som artist og humorist for bedrifter, med eigne forestillingar i fylket. Den første av humorbøkene på Samlaget, "I" - Den store romsdalskonspirasjonen (2003) handla om den romsdalske konspirasjonen med Bondevik, Røkke og Reiten i spissen, og fekk sett på kartet det samanfall at ei rekkje av dei fremste nordmennene er romsdalingar og tilsynelatande heiter Kjell. Den fjerne boka, Exit Møre og Romsdal frå 2006, spår om at Møre og Romsdal fylke vil forsvinne som eigen region, og uansett om det skjer eller ikkje er spørsmålet kvifor deis lest så gale i dette fylket men likevel vil halde i lag. I Artig og artig frå 2008, har Arild Hoksnes har endeleg fått gjennomslag for at Romsdal ligg mellom Sunnmøre og Nordmøre. Kunsten å ta feil frå 2010 er ei underhaldande og inspirerande bok om å ta feil: Vi seier at det er feil vi lærer av, men likevel bruker vi krefter på å unngå dei. Hoksnes minner oss om at mange feil har blitt til strålande suksessar. For sin langvarige kulturinnsats frå musikk til humor fekk Arild Hoksnes Møre og Romsdal fylkes kulturpris for 2005. Som NRK-medarbeidar frå 1980-1991 og musikar med Spellemannpris i folkemusikk frå 1981, er Hoksnes representert på Samlaget med den einaste musikkhistoriske framstillinga av gammaldansmusikken si framvekst i Noreg gjennom 200 år, Vals til tusen. Sjå òg Hoksnes sine eigne heimesider.