Arild Hoksnes
Hoksnes er coach, journalist, og har gjennom talrike NRK-kåseri i over 10 år utvikla eit særeigent skråblikk på Møre og Romsdal (ein del av desse kåseria er samla i boka Borti Huttaheiti). Han er dessutan kjent som artist og humorist for bedrifter, med eigne forestillingar i fylket. Den første av humorbøkene på Samlaget, "I" - Den store romsdalskonspirasjonen (2003) handla om den romsdalske konspirasjonen med Bondevik, Røkke og Reiten i spissen, og fekk sett på kartet det samanfall at ei rekkje av dei fremste nordmennene er romsdalingar og tilsynelatande heiter Kjell. Den fjerne boka, Exit Møre og Romsdal frå 2006, spår om at Møre og Romsdal fylke vil forsvinne som eigen region, og uansett om det skjer eller ikkje er spørsmålet kvifor deis lest så gale i dette fylket men likevel vil halde i lag. I Artig og artig frå 2008, har Arild Hoksnes har endeleg fått gjennomslag for at Romsdal ligg mellom Sunnmøre og Nordmøre. Kunsten å ta feil frå 2010 er ei underhaldande og inspirerande bok om å ta feil: Vi seier at det er feil vi lærer av, men likevel bruker vi krefter på å unngå dei. Hoksnes minner oss om at mange feil har blitt til strålande suksessar. For sin langvarige kulturinnsats frå musikk til humor fekk Arild Hoksnes Møre og Romsdal fylkes kulturpris for 2005. Som NRK-medarbeidar frå 1980-1991 og musikar med Spellemannpris i folkemusikk frå 1981, er Hoksnes representert på Samlaget med den einaste musikkhistoriske framstillinga av gammaldansmusikken si framvekst i Noreg gjennom 200 år, Vals til tusen. Sjå òg Hoksnes sine eigne heimesider.
Utgivingar av forfattaren
Her får vi dei beste forteljingane om det romsdalske helsestell og presteskap, storskryt og småborgarar, grovisar og byråkrati. Innimellom er det krydra med Hoksnes_x0092_ eigne morosame betraktningar om
Les meir …
Artig og artig
Hoksnes gir ein utførleg analyse av næringslivet i regionen med hovudvekt på basar, penisringen frå Ålesund og Frænadassen. Kva er grunnen til at fylkeskultursjefen eit år løyver 900.000
Les meir …
Borti Huttaheiti
Kor blei det av Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre då Regionuhyret med sju hovud tok livet av alle fylka våre i 2010? Boka skildrar den hjarteskjerande lagnaden til menneska
Les meir …

