InnbundenFleire format

Generell litteratur

Evig fysen: når du skal lage noko ekstra godt : våre 64 beste oppskrifter

Maten som smakar best og betyr mest
 
I Evig fysen deler Hans og John 64 utvalde oppskrifter. Her får du alt frå fleskepannekaker og komler til phở, sommarrullar, pekingand, lasagne og pistasj-pannacotta.
 
Oppskriftene er henta frå tre heimar: Hans sin vestlandsheim, John sin kantonesiske og vietnamesiske heim, og ein ny heim som dei to sambuarane har skapt saman. I boka møtest oppvekst, reiser og restaurantbesøk på eitt og same matbord. Forfattarane deler også historia om å finne seg sjølv og å finne kvarandre. Om å gå frå å vere lukka og gøymde til opne og synlege. Med mat som viktig ingrediens.
 
Hans Ola Hevrøy (f. 1989) og John Ngan (f. 1990) står bak den populære Instagram-kontoen fysen på, der dei deler oppskrifter og utforskar nye smakar saman.
 
399,00 kr
Sider
240
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016134