Last ned omslag

Bla-i-boka

Essay

Jon Fosse

Fosse om teater og litteratur

I 1989 gav Jon Fosse ut essaysamlinga Frå telling via showing til writing. Ti år seinare kom Gnostiske essay. Fosse sine essay har det lenge ikkje vore mogleg å få tak i.

No er dei alle samla i éi bok, ei rik kjelde for den som vil bli kjend med Fosse sitt syn på mellom anna teater og litteratur, men òg med Fosse sjølv.

I forordet til Gnostiske essay skriv Fosse: ”Eg gir ut mi andre samling essay, og sit og tenkjer at det i framtida nok ikkje burde koma så mykje essayistisk skrift frå meg, det vesle eg veit kan seiast betre i andre språk.” Etter to essaysamlingar tok Fosse farvel med teorien. Han valde diktinga, men det hender han skriv noko meir teoretisk. Til slutt i denne boka finn du Skrivingas gnosis, eit Fosse-essay som ikkje tidlegare har vore publisert på norsk.


ISBN: 9788252179705

Kategoriar: Jon Fosse, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Jon Fosse