Eselet

Barn og ungdom

Eselet

9–12 år 12 min
Eit vittig blikk på korleis det svoltne eselet Pontjus må ha takla at matfaren Josef og kjærasten hans Maria sette sjølvaste Guds barn til verda.
79,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005923
Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: