Eit større regn: dikt og prosa

Skjønnlitteratur

Eit større regn: dikt og prosa

Variert diktverk om sjukdom, liv og død. «Eit større regn» undersøker dei eksistensielle konsekvensane av å leve med sjukdom og skade. Korleis det påverkar synet på verda og ein sjølv, korleis det grip inn i og endrar nære relasjonar, og kor sårbar ein kan vere ovanfor endringar i politikk og samfunn. Tekstene strekk seg både mot det språket neppe kan gripe, og det som rådande samfunnssyn gjer stumt: Kva sanningar og opplevingar gir vi rom til, og kva vert skubba attende i språkløysa og bak lukka dører? Korleis kan ein kvar dag leve med det som ikkje skal finnast, som ingen av oss vil skal finnast? Korleis ser lykke, livslyst og kjærleik ut då? Kaisa Aglens tredje bok er både politisk og eksistensiell, men først og fremst eit vakkert poetisk verk.
329,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010521
Kaisa Aglen
Om forfattaren

Kaisa Aglen

Kaisa Aglen (f. 1985) er frå Volda og er busett i Trondheim, der ho har studert filosofi. Ho debuterte i 2012 med Kvar i kroppen sit ingenting. Hennar andre bok, Mellom krig, blei utgitt i 2016, no er ho aktuell med si tredje diktbok, Eit større regn.