Mellom krig

Skjønnlitteratur

Mellom krig

Tekstene i Kaisa Aglens andre diktutgiving kretsar kring krig, språk og avstand. Vi rører oss i landskap som stadig trekk seg unna blikket som ser, og der vi stadig må skifte perspektiv. Noko har skjedd, kjem til å skje, burde ikkje skje, men skjer likevel. Kven har ansvar? Korleis leve med skuldkjensle og maktesløyse, korleis vere heime i verda i møte med det vonde? Aglen lar ulike geografiar og språksfærer smelte saman i ein tekst prega av sterkt poetisk gehør, eit presist blikk og gjennomført rytmesans. Kaisa Aglen (f. 1985) er frå Volda. Ho bur i Trondheim, der ho har studert filosofi. Ho debuterte i 2012 med diktboka Kvar i kroppen sit ingenting.
329,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190922
Kaisa Aglen
Om forfattaren

Kaisa Aglen

Kaisa Aglen (f. 1985) er frå Volda og er busett i Trondheim, der ho har studert filosofi. Ho debuterte i 2012 med Kvar i kroppen sit ingenting. Hennar andre bok, Mellom krig, blei utgitt i 2016, no er ho aktuell med si tredje diktbok, Eit større regn.