Ein vakker dag: roman

Skjønnlitteratur

Ein vakker dag: roman

Omsett frå fre
Simon, Garance og Lola, tre vaksne søsken, stikk av frå eit familiebryllaup som ser ut til å bli ein prøvelse. Dei besøkjer heller den yngste broren sin, Vincent, som er guide ved eit slott i hjartet av Tours-området. For ei stund gløymer dei barna, ektefellane, skilsmissene og alle plikter, og bestemmer seg for å nyte ein siste dag saman, slik som det var i barndommen. I denne romanen tek Gavalda igjen for seg vennskap og familieforhold. Denne boka er lett, øm og full av humor, ein hyllest til gode søskenrelasjonar, til irriterande svigersøstrer, til franske vinar og bakeri. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt. Frå bokmeldingar «Anna Gavaldas styrke er den friske, lekne og treffende dialogen ...» Per Randers Haukaas, Bergensavisen «Anna Gavalda skriver godt. Ikke minst er hun en djevel med dialoger, og denne muntligheten blir i alle fall ikke mindre treffende i Tove Bakkes gode oversettelse.» Anne Cathrine Straume, NRK «Det lykkes Gavalda nok en gang å ta pulsen på et samtidsfrankrike.» Therese Sanni, Studvest
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187816
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.