Ein halv dag
Hefta

Lyrikk, drama og essay

Ein halv dag

Skal ein skrive eller la det vere? Eg-et i denne samlinga reflekterer omkring sjølvmordet til den kjære, aldrande faren: «Eg held bilde. Eg held mange bilde. Ei mogeleg forløysing av ord. I det alt fell frå kvarandre.» Det oppstår eit rom her, gjennom det som glir frå kvarandre, som legg til rette for sansing og refleksjon. Minnebilete frå barndommen, naturen, reiser og stader knytte til farens død blir gjort levande i form av sterke poetiske fragment.

Eit hjarte er lite

som i ein storm treffer det vatnet.

Spreier bylgjene ut over.

429,00 kr
Hildegunn Dale
Om forfattaren

Hildegunn Dale

Hildegunn Dale (f. 1974) er forfattar og redaktør. Dale kjem frå Modalen og bur på Misje. I fleire år var ho ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn før den etterlengta debuten i 2003 med diktsamlinga Solkant, som er både stilfull, sterk og språksikker. I 2004 følgde ho opp med Elvedraumar, ei samling dikt der det konkrete i større grad enn i førsteboka blandar seg med det abstrakte. I Sea, say and see (2006) viser Dale nok ein gong ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga hennar.