Eg vil at nokon skal vente på meg: noveller

Skjønnlitteratur

Eg vil at nokon skal vente på meg: noveller

Omsett frå fre
Menneska vi møter i desse novellene opplever at det vanlege livet dei lever sklir ubønnhørleg ut. Forfattaren observerer personane sine og livet deira med skarpt blikk. Boka gir eit levande tidsbilete frå den urbane verda. Historiene les ein ikkje som ei samling enkeltnoveller, men som ein roman om ei gruppe menneske som gjennom teksten får liv for lesaren.
249,00 kr
Sider
153
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252171242
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.