Eg vil at nokon skal vente på meg: noveller

Skjønnlitteratur

Eg vil at nokon skal vente på meg: noveller

Omsett frå fre
Novellene i Eg vil at nokon skal vente på meg handlar gjerne om når livet blir rota til. Nokre er vittige, nokre kjærlege, andre tragiske og skremmande. Det kan vere eit kjærleiksmøte som går i vasken på grunn av ein mobiltelefon, den siste ultralyden som ikkje viser teikn til liv, eller når pappas tjuvlånte Jaguar møter villsvin nattestid. Billigbokutgåve. .Det er fortellinger til forlystelse og fortellinger til ettertanke. Måten de er fortalt på, sitter som et skudd. Anne Cathrine Straume, NRK.
150,00 kr
Sider
153
Utgivingsår
2005
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252165388
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.