Skjønnlitteratur

Eg et meg sjølv som lyng: pikesinn

Omsett frå dansk
Frå jente til kvinne. Eg et meg sjølv som lyng er ei lyrisk, temperamentsfull og original samling om å rive seg laus frå rolla som ung jente, utan å vite kva ein elles kan vere. Olga Ravn skriv i denne debutboka om lengten etter å vere bortanfor det seksualiserte og om kroppen som skodeplass for privat og offentleg dragkamp. Verda trengjer seg på, og kroppen går sine eigne vegar. Språket i denne boka er viltveksande, prega av overskot og mot. Boka er gjendikta av Inger Bråtveit.
349,00 kr
Sider
70
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189285
Olga Ravn
Om forfattaren

Olga Ravn

(f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark, og har sidan sjølv undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette, som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. For romanen Arbeidet mitt frå 2020 fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing.

 

 

Sjå alle bøker av Olga Ravn →