Den kvite rosa: lyrikk

Skjønnlitteratur

Den kvite rosa: lyrikk

Omsett frå dansk
««Olga Ravns dikt er blendande vakre, djupt rørande . heilt magiske. [...] bildekrafta i Olga Ravns nye diktsamling er ikkje minimal, ho er maksimal.»»
— Politiken
Vilt og blendande vakkert. Når den kvite rosa får deg til å falla i dagar og død frå treet så er ho samansvoren berre med meg «Den kvite rosa» av den danske forfattaren og poeten Olga Ravn er ei diktsamling full av kraft. Kvart dikt får stå for seg sjølv på luftige sider, som høgreiste monument i ein nøye uttenkt konstruksjon. Dikta fortel ei historie om sjukdom, tap og kjærleik. Språket er minimalistisk, fargerikt og høgtideleg, det ber i seg ein kompleks bildekraft og ville metaforar som treffer lesaren. Boka er gjendikta av Inger Bråtveit.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001680
Olga Ravn
Om forfattaren

Olga Ravn

(f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark, og har sidan sjølv undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette, som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. For romanen Arbeidet mitt frå 2020 fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing.

 

 

Sjå alle bøker av Olga Ravn →