Celestine: roman

Skjønnlitteratur

Celestine: roman

Omsett frå dansk
Celestine er ein gåtefull, lyrisk og fortetta roman, der vi møter ei ung lærarinne som flyttar til bygda for å undervise på ein kostskule, samstundes som ho kjempar ein indre kamp med den kaotiske barndommen sin. Med seg har ho kjærasten Kim, men relasjonen mellom dei går det heller dårleg med. Kostskulen var tidlegare eit slott, og lærarinna blir oppslukt av historia om spøkelset Celestine, som skal ha blitt mura inne i veggene. Snart byrjar lærarinna sjølv å vandre rundt i gangane om natta, iført ein kvit kjole, heimsøkt også av spøkelsa frå si eiga fortid som skilsmissebarn. Boka er omsett av Inger Bråtveit. Olga Ravn (f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar, omsetjar, forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng (til norsk ved Inger Bråtveit i 2016). I 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, den første romanen hennar, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose.
329,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189278
Olga Ravn
Om forfattaren

Olga Ravn

(f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark, og har sidan sjølv undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette, som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. For romanen Arbeidet mitt frå 2020 fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing.

 

 

Sjå alle bøker av Olga Ravn →