Skjønnlitteratur

Eg bur her no: dikt

«En høyst original, varm og klartenkt undersøkelse av lengselens tvetydighet. Les og lær.»
Ei kvinne i trettiåra treffer ein mann på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis. Eg bur her no er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det. Punktet Å stå på dette punktet og sjå strengar bli kryssa, kveila, falda ut alt som er og alt som blir og ikkje. Vi kjem til å gifte oss. Vi kjem til å gå frå kvarandre. Vi kjem til å gifte oss og gå frå kvarandre. Nett her nett no er alt like sannsynleg. Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga "Eg et før eg kjem".
349,00 kr
Sider
185
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006272
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Mest kvart dikt tematiserer kjærleikens makt i eit eller anna tonelag, ljost eller mørkt, og ganske ofte med ei humoristisk vinkling. Skrivemåten hennar er frisk og freidig, noko ein lett kan sjå i dei dikta eg siterer. Og poeten varierer og turnerer emnet sitt så sikkert at det aldri vert keisamt.»

— Dag og Tid

«Vakre dikt om den desperate lengselen etter å høre til [.] Forfatteren har noe sjeldent her, det å kunne fremstå så hudløs, så i behov for kjærlighet og bekreftelse, uten samtidig å virke kokett, alltid med et flammende håp om varighet og stabilitet»

— Adresseavisen

Kari Anne Bye
Om forfattaren

Kari Anne Bye

(f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga Eg et før eg kjem.