Eg et før eg kjem: dikt

Skjønnlitteratur

Eg et før eg kjem: dikt

Frustrert Tinder-kjærleik. Hovudpersonen i denne leikne og humoristiske diktsamlinga har det eigentleg heilt fint. Heilt til den dagen ho byrjar å sjå menn. Da bryt sjølvsagt helvete laus. Ho lagar seg ein profil på Tinder. Kor vanskeleg kan det vere å finne ein mann ein kan kjenne nærleik til? Det er trass i alt mange av dei i Tinder-straumen. Men korleis gjer ein gode val i eit hav av ingeniørar, skjematisk posering med sjølvfiska fisk og emoji-rebusar frå dyre-, plante- og mineralriket? Og kva skal til for sjølv å bli vald i ein kortstokk av hjartedamer? Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga Eg et før eg kjem.
249,00 kr
Sider
204
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012143
Kari Anne Bye
Om forfattaren

Kari Anne Bye

(f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga Eg et før eg kjem.